Vanylven skisenter Øverberg PDF Skriv ut E-post

Velkomen til Vanylven skisenter Øverberg

Vanylven Skisenter Øverberg ligg i Syvde, og her finn du dei finaste turløypene på Søre Sunnmøre. I Syvde sentrum tek du av på skilta veg til Sørdalen og vidare opp på fjellet til Øverberg. Vegen er godt brøyta og har mange møteplassar. Her parkerer du på ein romsleg parkeringsplass (NB: parkeringsavgift) ved varmestova. No ligg det fleire kilometer med preparerte turløyper foran deg. Løypene går heilt til Rota/ Slivatnet på Åheim, og når det er bra med snø også til Røde Kors si hytte Vassdalsbu. Løypene vert oppkøyrde med snøscooter eller trakkemaskin og går i barnevennleg terreng. I veka vil det som oftast vere oppkøyrde løyper i lysløypa, i helga og høgtider vil vi køyre opp løype innover mot Rota. Idrettslaget har ein automatisk informasjonstelefon som vi prøver å halde oppdatert. Her får du informasjon om føre og løypeforhold.

Tlf. nr: 416 06 939

Når det er arrangement på Øverberg er varmestova åpen med sal av nysteikte vafler, kaffi, sjokolade og brus

 

Vanylven skisenter Øverberg består av: 300 m flombelyst alpinbakke

  •  Påbyrja terrengpark
  •  Musikk i bakken
  •  Varmestove med toalett
  •  Langrennsløype (lysløype)
  •  Kiosk i køyrebu med sal av brus og sjokolade.

 

I tillegg er det bygd 5 km løypetrase frå Øverberg til Rota, som gjer det mogeleg å preparere langrennsløype med forholdsvis lite snø. (Sjå  bildegalleri turløype)

 

Musikkanlegg med fire høgtalarar gir god stemning i bakken, ta gjerne med din eigen musikk.

 

Bruk av langrennsløypa (lysløypa) er gratis for alle. Bryter til lysa finn du på veggen til varmestova vendt mot parkeringsplassen.

Parkeringsavgift:  døgnavgift kr 20.- eller årskort kr. 200.-

 

Åpningstider skitrekk:

Laurdag- Søndag kl. 12.00- 16.00

Kveldskøyring ved forhold: 18.00- 20.30

Prisar:

Dagskort vaksne: kr. 100.-

Dagskort Born: kr. 50,-

Årskort vaksne: kr. 450,-

Årskort born: kr. 300,-

Årskort familie: kr. 900,-( mor, far og barn under 16 år. Kr.100.- i tillegg pr barn over 16 år)

 

Automatisk info.tlf: 416 06 939

Informasjon om åpningstid og føreforhold.

 

Aktivitet i bakken.

Carl Even i luftig svev

Kveldsstemning på Øverberg

 
Tilrettelagt av TrioWeb og HL Data AS for SyvdeIL