PDF Skriv ut E-post

Velkomen til Syvde Idrettslag si nettside!

Syvde Idrettslag held til i Syvde, ei bygd i Vanylven kommune på Sunnmøre. Bygda ligg innerst i Syvdefjorden som er ein typisk vestlandsfjord omkransa av relativt høge fjell. Høgaste fjellet er Blæja med 1142 m.o.h. Frå Syvde går det tre dalføre: Nordalen, Røfsdalen og Sørdalen. I desse dalføra endar vegen på omlag 300 m.o.h. og er eit fint utgangspunkt for fjellturar.  

Idrettslaget eig og driv Vanylven skisenter Øverberg med eit lite skitrekk og innbydande turløyper for heile familien. Idrettslaget står og som arrangør av motbakkeløpet "Blåfelden rett opp". På heimesida vår vil du finne oversikt over aktivitetar idrettslag driv, som blandt anna trimgrupper, fjellturar, aktivitetar ved Vanylven Skisenter Øverberg og motbakkeløpet "Blåfelden rett opp". Du vil og finne mange bildereportasjer frå turar i våre fantastiske fjellområde som vi håper kan inspirere fleire til å besøke Syvde og naturen rundt. 

I so fall ynskjer vi i Syvde Idrettslag: Velkomen og God tur! 

I søkefeltet til venstre kan du søke etter f.eks. namn, dato, årstal eller det du måtte leite etter.

 

 

 

 

Vermelding for Blåfelden

 

 

 

 

----------------------------- 

 
Liste over påmeldte BLÅFELDEN RETT OPP 2012 PDF Skriv ut E-post

Liste over påmelde i konkurranse og mosjonsklasse Blåfelden rett opp. Vi oppfordrar flest mogleg om å melde seg på førehand, uansett om du vil konkurrere eller delta for mosjonens skuld. Det gjer arbeidet lettare for arrangøren på løpsdagen. Påmeldinga er ikkje gyldig før startkontingent er betalt, skulle det vere feil på lista ta kontakt med påmeldingsansvarleg.

Les meir …
 
Blåfelden rett opp 2012 PDF Skriv ut E-post

 

 

Planlegginga av årets utgåve av "Blåfelden rett opp", som er ein viktig del av "Kosterikjedagane 2012" er godt igong. Også iår har vi invitert ein kjend idrettsmann til å delta i løpet, og vi er svært glad for at Odd Bjørn Hjelmeset har sagt ja til å kome. For å få dette til var vi nødt til å få ny hovedsponsor og Sparebanken Møre var veldig positivt innstilt. Sparebanken Møre har vore, og er ein viktig bidragsytar og støttespelar til Syvde Idrettslag og vil soleis vere hovedsponsor for "Blåfelden rett opp" 2012.

HOVEDSPONSOR 2012 

ANDRE LOKALE SPONSORAR:

 

Les meir …
 
Tilrettelagt av TrioWeb og HL Data AS for SyvdeIL
canakkale canakkale canakkale truva search