Blåfelden Rett Opp 2023 vart arrangert 3. juni under gode løpsforhold. Nokre skoddedottar dreiv over Blåfelden i morgontimane og nedbøren holdt seg vekke. Det vart levert gode idrettsprestasjonar og også iår var det fleire som besøkte Blåfelden for fyrste gong. Det stillte 29 deltakarar i konkurranseklassa og 65 i mosjon.

Øystein Ulekleiv, Dombås IL og Monica Solvang, Ørsta IL tok ein soleklar siger under Blåfelden Rett Opp.

Øystein Ulekleiv sprang på tidskjema som Andreas Skylstad vann med i 2019 (40:02). Ulekleiv låg godt bak i starten, men i skogen byrja han å hale innpå og avstanden auka opp Remen og bortover Eggja. Han kom i mål på 39:39. og er soleis i ei eiga eliteklasse ilag med bl.a. tidlegare storkanoner som Thorbjørn Ludvigsen, Øyvind Heiberg Sundby, Kristen Skjeldal, Andres Aukland, Arve Rindal m.fl. som alle har tider under den magiske 40 minutters grensa.

Her kryssar Øystein Ulekleiv, Dombås IL målsnora på knallsterke 39:39 og utklasser alle andre deltakarar.

Monica Solvang forbedra tida si ifrå 2022 med litt over eit minutt og passerte målstreken på 44:26 og nærmar seg no løyperekorden til Johanna Åstrøm 42:51 (2019) Foto: Odd Arne Vik

Monica Solvang går i mål.


Seierspallen kvinner: Nr.1 Monica Solvang 44:26 (i midten) Nr.2 Ingfrid Klokset (47) Tomrefjord IL og Nr.3 Solveig Uskedal (72) Uskedal IL.

Seierspallen menn: Nr.1 Øystein Ulekleiv 39:39, Nr.2 Andreas Skylstad, Norangdal IL, Nr.3 Aron Vonheim, Stårheim IL/ Eid motbakkelag. Foto: Odd Arne Vik.



BILETE FRÅ LAGKONKURRANSEN:

Vinnarlaget i lagkonkurransen Rusten Kondisteam som består av f.v. Steinar Lade, Bjørn Ove Aaland og Karl Idar Vik. Dei stakk av med den store pokalen, og den er i trygge hender sidan både Steinar og Karl Idar er født og oppvokst i Syvde.

Team Mjåvatn tok andre plassen i lagkonkurransen med Oskar Vik, (Syvde IL) Even Mjåvatn og Torstein Eivindstad.

Knekken motbakkelag heimehøyrane på Fiskå tok tredje plassen med f.v. Tom Kristian Fiskaa, Thomas Årvik, Jan-Erik Årvik og Per-Gunnar Lundehaug.


HER FINN DU RESULTATLISTER:

Kvinner alle.pdf

Menn alle.pdf

Lagkonkurranse 2023.pdf

Klassevinner 2023.pdf

Resultat mosjon.pdf


NOKRE FLEIRE HØGDPUNKT I GOD MIX KJEM HER: