
På årsmøtet 2026 vart det gitt klarsignal til å sette igong dugnadsprosjektet "Steinlegge råsa til Lisjerøfsdalen". Det hadde lenge vore eit behov for å utbetre råsa inn til Lisjerøfsdalen, eit område der terrenget fleire stader er både myrete og skitent. Kunne ein klare å gjere råsa betre, tørrare og meir framkomeleg, slik at det skulle bli lettare og trivelegare å ta seg inn i dalen?
Atle Midtbø hadde ein ide og tok sjølv ansvar for planlegginga, organiseringa og finansieringa av prosjektet. Det vart innhenta tilbod frå steinleverandør og helikopter for transport av stein inn til Lisjerøfsdalen, og fleire gode sponsorar stilte seg positive til prosjektet og ønskte å bidra til at planane kunne bli realiserte.
Nokre få andre eldsjeler ville òg vere med som nøkkelpersonar. Dei skulle utgjere stammen i ei dugnadsgruppe som saman skulle ta fatt på arbeidet. Målet var klart: Å få gjennomført prosjektet og ferdigstilt den nye og betre råsa i løpet av 2026.
Det som starta som ein idé, var dermed i ferd med å bli eit konkret dugnadsprosjekt – tufta på initiativ, engasjement og vilje til å gjere ein innsats for friluftslivet og nærmiljøet.

Under synfaringa i Lisjerøfsdalen vart det nøye avmerka kvar den enkelte sekken skulle plasserast. Målet var å få kortast mogleg veg frå landingsplassen til staden der steinane skulle nyttast. Det skulle etter kvart vise seg å vere eit godt sjakktrekk, for enkelte av steinane var i tyngste laget. 10.juni 2026 kom helikopteret til Sætra og frakta stein og byggjemateriale inn i Lisjerøfsdalen. All steinen var pakka i storsekkar, såkalla Big Bag og for sikkerhets skuld var dei pakka i dobbel sekk. Desse sekkane vart plasserte på dei avmerka plassane etter anvisning.

13. juni. Fyrste dugnadsdag i Lisjerøfsdalen vart lang og effektiv. Sittande fremst Petter og Pål Asklund. Ståande f.venstre Atle Midtbø, John Willy Klungre, Ole Martin Brudevoll og Sigurd Asklund.
Med god planlegging, presis plassering og god teknikk vart det tunge arbeidet etter kvart til stor nytte. Den gamle råsa, som tidlegare kunne vere både våt og gjørmete, vart steg for steg forvandla frå eit gjørmehol til ein flott og solid praktsti gjennom Lisjerøfsdalen.