Seten 722 m.o.h.

Postet av Atle Midtbø den 30. aug 2026

Utsikta frå Seten over Syvde er upåklagelig. 



Turen til toppen av Seten startar ved nokre lødemurar på Brekke der det er skilta parkeringsplass "Turparkering". Alternativ kan vere ved kufella på Brekke, men då må du gå opp skogsvegen til Brekkesvingen der råsa startar.

Ifrå turparkering: Følg ein gardsveg ved siden av nokre tun til Syregotledet der Hesteråsa startar. I dette området føler du kanskje at nokon ser på deg.

Her bur det mange luringar i skogen og oppover Hesteråsa.

 


Etter Hesteråsa kjem du til Brekkesvingen med fin utsikt over bygda. Herifrå går det merka rås opp bjørkeskogen og etterkvart vert det brattare, men du kjem fort opp i høgde og på ca. 500 m.o.h. kan du puste ut litt og kvile i hengekøya.

 

Siste etappe er det god lyngmark opp til toppen. For å kome til toppen der turboksa står er det eit lite parti som kan følast litt luftig for enkelte. Men følger du merka rås er der trygt å gå.


Logg inn for å skrive en kommentar.