LISJERØFSDALENS NYE AUTOSTRADA
Postet av Atle Midtbø den 21. aug 2026
På årsmøtet 2026 vart det gitt klarsignal til å sette igong dugnadsprosjektet "Steinlegge råsa til Lisjerøfsdalen". Det hadde lenge vore eit behov for å utbetre råsa inn til Lisjerøfsdalen, eit område der terrenget fleire stader er både myrete og skitent. Kunne ein klare å gjere råsa betre, tørrare og meir framkomeleg, slik at det skulle bli lettare og trivelegare å ta seg inn i dalen?
Atle Midtbø hadde ein ide og tok sjølv ansvar for planlegginga, organiseringa og finansieringa av prosjektet. Det vart innhenta tilbod frå steinleverandør og helikopter for transport av stein inn til Lisjerøfsdalen, og fleire gode sponsorar stilte seg positive til prosjektet og ønskte å bidra til at planane kunne bli realiserte.
Nokre få andre eldsjeler ville òg vere med som nøkkelpersonar. Dei skulle utgjere stammen i ei dugnadsgruppe som saman skulle ta fatt på arbeidet. Målet var klart: Å få gjennomført prosjektet og ferdigstilt den nye og betre råsa i løpet av 2026.
Det som starta som ein idé, var dermed i ferd med å bli eit konkret dugnadsprosjekt – tufta på initiativ, engasjement og vilje til å gjere ein innsats for friluftslivet og nærmiljøet.
Tusen takk til Sparebanken Møre for teft midlar kr. 90.000.-
På Sætra vart det klargjort 24 storsekkar med stein, kvar med ei vekt på mellom 800 og 900 kilo. I tillegg vart det gjort klart to hiv med trykkimpregnert materiale til tre bruer.
Under synfaringa i Lisjerøfsdalen vart det nøye avmerka kvar den enkelte sekken skulle plasserast. Målet var å få kortast mogleg veg frå landingsplassen til staden der steinane skulle nyttast. Det skulle etter kvart vise seg å vere eit godt sjakktrekk, for enkelte av steinane var i tyngste laget. 10.juni 2026 kom helikopteret til Sætra og frakta stein og byggjemateriale inn i Lisjerøfsdalen. All steinen var pakka i storsekkar, såkalla Big Bag og for sikkerhets skuld var dei pakka i dobbel sekk. Desse sekkane vart plasserte på dei avmerka plassane etter anvisning.

Airlift gjorde i dag ein kjempejobb og frakta 24 tonn stein og 2 hiv med material inn i Lisjerøfsdalen der det vart motteke av særdeles proffesjonelle folk :-) frå idrettslaget.
Med god planlegging, presis plassering og god teknikk vart det tunge arbeidet etter kvart til stor nytte. Den gamle råsa, som tidlegare kunne vere både våt og gjørmete, vart steg for steg forvandla frå eit gjørmehol til ein flott og solid praktsti gjennom Lisjerøfsdalen.
Tusen takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre for støtta : kr 30 000,-

13. juni. Fyrste dugnadsdag i Lisjerøfsdalen vart lang og effektiv. Sittande fremst Petter og Pål Asklund. Ståande f.venstre Atle Midtbø, John Willy Klungre, Ole Martin Brudevoll og Sigurd Asklund.

Kvar skal vi starte??
Vi delte oss inn i tre arbeidslag på to personar i kvart lag. På den måten kunne vi arbeide meir effektivt og få gjort mykje på kortare tid. Eit lag gikk igong med å bygge tre bruer over gjørmehol som lenge har vore eit problem å passere. Dei to andre laga starta med å legge ut stein med utgangspunkt frå bruene.
Her er ein liten videosnutt frå helikoptertransporten og fyrste dugnadsdag.

Team Asklund hadde forberedt seg godt ved å lage eit "sklibrett" av delar frå eit glatt transportband. Dette letta arbeidet med å få steinen på plass.

Gutta bar meir og meir preg av å jobbe i myr og gjørme utover dagen, Her er dei fyrste 5 steinane på plass.
Tusen takk til Sparebank1 SMN samfunnsutbytte for støtta kr. 30 000.-


Her er Atle Midtbø (med slegge) og Sigurd Asklund igang med å bygge bru NO.1.
Som fundament for kvar bru slo vi ned åtte impregnerte staur. Desse gav bruene eit solid og stabilt grunnlag. Deretter bygde vi sjølve bruene oppå fundamenta.
Tusen takk til MOWI Norge for støtta kr. 20.000.-
Tusen takk også til MOWI Lokalt kr. 5 000.-


Det vart tid til ørsmå pauser inn i mellom, John Willy Klungre, Atle Midtbø og Leiar i Syvde IL Øyvind Myklebust.

Lars Myklebust og Øyvind Myklebust bruker all kraft for å flytte ein stor stein gjennom krattskogen.

Sølvi Midtbø, forøvrig einaste kvinne som deltok i dugnadsarbeidet, her i full gang med muring av ny grue ved Urhellom.
Sølvi og Atle Midtbø har laga gode sitteplassar rundt grua, her kan turglade sitte å nyte nista og kaffien sin. Ein sjokolade smaker også godt ilag med utsikta over Lisjerøfsdalsvatnet.
Tusen takk for støtta til Stikk UT! kr.15 000,-


URHELLOM 1944
Slik såg hytta ved Urhellom ut i 1944. Fotograf Sverre Brudevoll. På biletet ser vi f.venstre: Malvin Brudevoll, "Iva-Johan" Myklebust, "Miggars Magnus" Vik, Johan Tverberg og Arnold Nordal.

Når det kom nysjerrig på besøk for å sjå på prosjektet vart dei STRAKS sett i arbeid. Frå venstre: Ester Sørdal Klugre, ukjendt, Ola Ystebakk Sjåstad og Alfred Ystebakk Sjåstad bar med seg Big Bag heim.

Sølvi Midtbø, lita dame med lang fjøl på veg inn i Lisjerøfsdalen.
Det var vanskelig å beregne kor mykje stein og andre materilaer som måtte til for å få prosjektet ferdig. Det måtte berast inn ca 30 meter med 2 x 8, og ved å bruke opp att nokre av dei gamle flakane so kom vi i mål.
Tusen takk for støtta til Olav Thons legat: kr. 10 000.-

Alle storsekkane må heimatt og det gikk lett på steinlagde sti.
Heilt til slutt ein biletserie FØR og ETTER.
Syvde I.L takker alle som har bidrege og delteke i arbeidet for at dette prosjektet i Lisjerøfsdalen skulle verte realisert!!











Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Midtbø
Blåfelden Rett Opp 2020 AVLYST pga Covid19
05.11.2019
Ny dato for Fjelltrimmen
03.11.2019
Fyrstehjelpkurs
04.11.2017