Tennevatnet 550 m.o.h.
Postet av Atle Midtbø den 1. sep 2026

Tennevatnet er og eit godt utgangspunkt for t.d. ein rundtur via Høgenipa.
Turen opp til Tennevatnet er ein kort og grei ettermiddags-kveldstur for dei som vil ta turen i ro og mak, eller ein fin trimtur for dei som vil gå i skikkeleg motbakke. Turen går på god men bratt traktorveg. Slik ruta ligg plassert i terrenget er det sol relativt lenge på kvelden i høve til områda rundt både vår og haust, og dermed kan dette vere ein fin tur i kveldssola. Men dette er og ei god tur når det er vått.

Det høgste punktet på vegen ligg ca 550 m.o.h. Vegen til Tennevatnet går i hårnålssvingar i det bratte terrenget og gir god trim. Det er ca 1300 meter får starten og opp til høgste punktet på vegen, og derifrå og bort til naustet på nordvestsida av vatnet er det ca 400 meter. Det er bratt veg heilt til topps, og der flatar vegen ut.

Trimposten ligg på høgaste punktet ved veien 550 m.o.h.
Det er skilta mot Molegga, Hovlida og Høgenipa på toppen av traktorvegen. Det er ingen merka ruter vidare frå Tennevatnet, men ein rundtur via Høgenipa kan anbefalast. Frå osen ved Tennevatnet går det tydeleg rås eit stykke langs toppen av Store Blåfjellet og det kan vere ein god start i retning Høgenipa. Råsa til Trongdalen og vidare i retning Molegga finn ein lettast når ein kjem frå Trongedalen.
For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Norddalen. Det står skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Norddalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen. Etter at ein har starta å køyre på grusveg stoppar ein og parkerer rett før bru nr 2. Det går greitt både å snu og å parkere her. Det er skilta ved startpunktet på turen. God plass til parkering der turen startar.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Midtbø
Lisjerøfsdalen
01.09.2026
Seten 722 m.o.h.
30.08.2026
Røfsdalsnipa 950 m.o.h.
30.08.2026
LISJERØFSDALENS NYE AUTOSTRADA
21.08.2026
Blåfelden Rett Opp 2020 AVLYST pga Covid19
05.11.2019