Lisjerøfsdalen

Postet av Atle Midtbø den 1. sep 2026

Lisjerøfsdalen er med rette kalla "Perla i dalen" med det idylliske vatnet omkrans av bratte fjell.


Turen inn til Lisjerøfsdalen er ein forholdsvis kort tur som er godt egna for mindre barn. Frå Syvde køyrer du Røfsdalsvegen til Sætra, ver obs. på bompengar til Myklebust sameige før du kjem til Vassverket. På Sætra fortsetter du langs Sætrevatnet på Styttestrand til vegens ende i Lundagjerde. Her har idrettslaget laga innegjerda parkeringsplass slik at bilen er trygg for evt. beitande storfe i området. Frå Lundagjerde går det merka og godt synelig rås gjennom bjørkaskogen til Reset. Går du litt innom Reset møter du det som har vorte Lisjerøfsdalens autostrada.

I 2026 bygde idrettslaget ny rås over myrane inn til Urhellom ved Lisjerøfsdalsvatnet.


Ved enden av råsa finn du kulturminnet Urhellom, i murane etter den gamle hytta har idrettslaget laga benkar og ny grue.

Slik såg hytta Urhellom ut i 1944. Legg merke til Kong Håkon VII sitt monogram over vinduet. Dette var eit symbol som var strengt forbudt under krigen.


Logg inn for å skrive en kommentar.