Premieutdeling Fjelltrimmen 2026
Postet av Syvde IL den 23. okt 2026

Årets Fjellgeit og Fjellbukk samla i Lisjerøfsdalen med Røfsdalsnipa i bakgrunnen.
Søndag vart det arrangert fellestur til Lisjerøfsdalen med premieutdeling i Fjelltrimmen 25-26. Etter utdelinga var det tur til den nye trimposten på Røfsdalsnipa. Det var dessverre dårleg oppmøte på arrangementet, men dei som deltok fekk ein fin tur i fint haustver uten ein regndråpe.

Årets Fjellgeit har besøkt alle 12 postane opptil fleire gongar denne sesongen, Sølvi har registrert 71 turar i appen Georeg. Flest turar til Lisjeblæja (12) og Lisjerøfsdalen (24).

Årets Fjellbukk har sjølvsagt også besøkt alle 12 postane fleire gongar med 146 (!) registrerte turar, og John Willy har flest turar til Høgenipa (19) og Trygesteinen (71).

June Ystebakk stod for trekninga av ein heldig fjelltrimmar som har besøkt alle postane minst ein gong i løpet av sesongen. Den heldige vart Tone Sørdal.
Alle vinnerane fekk utdelt kvar sitt gåvekort frå Alti Ørsta pålydande kr.1500.-

Klikk på linken under for å sjå lista over alle som har brukt Georeg på Syvde IL sin Fjelltrim.
Registreringar Georeg 25-26.pdf
Ny sesong i Fjelltrimmen og tre nye postar.
Postet av Syvde IL den 11. sep 2026

Seten 723 m.o.h. er ein av dei nye postane denne sesongen, her sett ifrå Vikehornet.
Etter nokre år med lite endringar, kjem det no 3 nye postar i fjelltrimmen til Syvde IL. Digital registrering via appen Georeg, og at ein ikkje lenger treng å samle inn besøksbøker, gjer det mogeleg å ha fleire turar å velje mellom. Syvde IL går og over til kalenderår for registrering på same måte som Åheim IL. Denne sesong varer frå 1.9.26 t.o.m. 31.12.27, og deretter blir det kalenderår. Dei som merkar og tilrettelegg for desse turane blir glade når turgåarane skriv namnet sitt i besøksbøkene på postane, men skal ein få poeng i fjelltrimmen må ein registrere med Georeg. Ein finn info om alle turane på heimesida til Syvde IL. under fana Fjelltrimmen.

Tennevatnet, nr 6 på kartet, er ulik dei andre turane fordi ein kan gå på veg heilt fram til turmålet ved det høgste punktet på vegen. Samtidig er dette ein god treningstur i lang motbakke, eit godt alternativ i dårleg, og fin tur om ein er fleire som vil gå i lag og kunne snakke saman. Tennevatnet har vore fjelltrimpost også tidlegare, men då var posten plassert ved naustet nær osen. No er posten på høgste punktet av vegen på same plass der det tidlegare var Stikk UT! post.
Seten, nr 7 på kartet, vart nymerka og tilrettelagt hausten 2025. Turen startar på Brekke i Syvde og går først opp den flotte Hesteråsa før den held fram langs eit langt steingjerde. Siste del av turen er bratt. Toppen av Seten er veldig nær bygda, og er eit ekstra flott utsiktspunkt over Syvde. Seten er Stikk Ut! post i år, og ein finn turen i Stikk UT! appen. Trykker ein på den grøne Stikk UT! knappen i appen får ein og info om alle andre registrerte turar i Vanylven.
Røfsdalsnipa, nr 15 på kartet, er nymerka i år. Turen startar frå den inngjerda parkeringsplassen på enden av vegen gjennom Røfsdalen. Første del av turen går mot Lisjerøfsdalen, men når ein kjem opp Reset til den flatare "inngangen" til Lisjerøfsdalen er det skilta til høgre, mot Lisjerøfsdalen Rundt og Røfsdalsnipa. Følg blåmerka sti til brua over Røfsdalselva og hald fram til høgre over nokre myrar som er klopplagde. Råsa går vidare i tørt terreng gjennom bjørkeskog og lyngmark. Toppen har spesielt flott utsikt mot den alpine delen av fjella i Vanylven og austover.

Utsikta frå Seten over Syvde er ingenting å klage over.
Turen til Røfsdalsnipa er nymerka og vi håper at den vert populær blandt nye og meir erfarne fjelltrimmerar.
Familiebading på torsdagar
Postet av Syvde IL den 18. jan 2026
Er du framleis ikkje medlem i Syvde IL? Då kan du melde deg inn her.

Premieutdeling fjelltrimmen 2025
Postet av Syvde IL den 18. jan 2026
Sesongen 2024-2025 vart John Willy Klungre årets fjellbukk og Tone Drage Sørdal årets fjellgeit. Medan John Willy med 176 turar har oppnådd heile 2380 poeng i fjelltrimmen, har Tone med 56 turar oppnådd 660 poeng.
Evelyn Midtbø vart uttrekt som vinnar blant medlemmane av idrettslaget som har registrert seg på alle 12 postane.
Vi gratulerer årets vinnarar og vil oppmode fleire om å registrere seg i fjelltrimmen.
Her finn du resultatliste for fjelltrimmen 2025 med alle registreringar på idrettslaget sine postar:
Resultatliste fjelltrimmen 2025.pdf
Evelyn Midtbø, John Willy Klungre og Tone Drage Sørdal
Oppstart av barneidrett i Syvde IL
Postet av Syvde IL den 2. nov 2025
Syvde IL startar opp med barneidrett i gymsalen på samfunnshuset. Vi stiller med dyktige instruktørar og mykje nytt utstyr.
Tidspunkt
Onsdagar i oddetalsveker.
Førskule - 2. klasse: 17:15-18:00
3.-5. klasse: 18:15-19:00
På fyrste økt onsdag 22.10 var vi heldige som fekk besøk av Sissel Kragset Vik frå Sparebanken Møre som kunngjorde at idrettslaget hadde fått tildelt 20 000 kr i TEFT-midlar knytt til oppstarten av barneidretten. Vi er svært takksame for at Sparebanken Møre også i denne omgang støttar opp om aktivitetane til idrettslaget. Tidlegare i haust fekk Syvde IL melding frå Tussa om at vi også i år fekk tildelt sponsormidlar. I år fekk vi tildelt 5000 kr som skal gå til det nyoppretta tilbodet for dei yngste.
Styret i Syvde IL er svært takksame for den støtta vi har fått og lover at midlane skal brukast til å gjere tilbodet til barn og unge i nærområdet best mogleg.
Per-Magne Sørdal frå Syvde IL og Sissel Kragset Vik frå Sparebanken Møre

