Ny sesong i Fjelltrimmen og tre nye postar.

Postet av Syvde IL den 11. sep 2026

Seten 723 m.o.h. er ein av dei nye postane denne sesongen, her sett ifrå Vikehornet.

Etter nokre år med lite endringar, kjem det no 3 nye postar i fjelltrimmen til Syvde IL. Digital registrering via appen Georeg, og at ein ikkje lenger treng å samle inn besøksbøker, gjer det mogeleg å ha fleire turar å velje mellom. Syvde IL går og over til kalenderår for registrering på same måte som Åheim IL. Denne sesong varer frå 1.9.26 t.o.m. 31.12.27, og deretter blir det kalenderår. Dei som merkar og tilrettelegg for desse turane blir glade når turgåarane skriv namnet sitt i besøksbøkene på postane, men skal ein få poeng i fjelltrimmen må ein registrere med Georeg. Ein finn info om alle turane på heimesida til Syvde IL. under fana Fjelltrimmen.

Tennevatnet, nr 6 på kartet, er ulik dei andre turane fordi ein kan gå på veg heilt fram til turmålet ved det høgste punktet på vegen. Samtidig er dette ein god treningstur i lang motbakke, eit godt alternativ i dårleg, og fin tur om ein er fleire som vil gå i lag og kunne snakke saman. Tennevatnet har vore fjelltrimpost også tidlegare, men då var posten plassert ved naustet nær osen. No er posten på høgste punktet av vegen på same plass der det tidlegare var Stikk UT! post.

Seten, nr 7 på kartet, vart nymerka og tilrettelagt hausten 2025. Turen startar på Brekke i Syvde og går først opp den flotte Hesteråsa før den held fram langs eit langt steingjerde. Siste del av turen er bratt. Toppen av Seten er veldig nær bygda, og er eit ekstra flott utsiktspunkt over Syvde. Seten er Stikk Ut! post i år, og ein finn turen i Stikk UT! appen. Trykker ein på den grøne Stikk UT! knappen i appen får ein og info om alle andre registrerte turar i Vanylven.

Røfsdalsnipa, nr 15 på kartet, er nymerka i år. Turen startar frå den inngjerda parkeringsplassen på enden av vegen gjennom Røfsdalen. Første del av turen går mot Lisjerøfsdalen, men når ein kjem opp Reset til den flatare "inngangen" til Lisjerøfsdalen er det skilta til høgre, mot Lisjerøfsdalen Rundt og Røfsdalsnipa. Følg blåmerka sti til brua over Røfsdalselva og hald fram til høgre over nokre myrar som er klopplagde. Råsa går vidare i tørt terreng gjennom bjørkeskog og lyngmark. Toppen har spesielt flott utsikt mot den alpine delen av fjella i Vanylven og austover.

Utsikta frå Seten over Syvde er ingenting å klage over.

Turen til Røfsdalsnipa er nymerka og vi håper at den vert populær blandt nye og meir erfarne fjelltrimmerar.




Logg inn for å skrive en kommentar.