Fellestur til Høgenipa
Postet av Syvde IL den 18. Sep 2025
Søndag 25. mai arrangerte Syvde IL fellestur til Høgenipa 1097 moh. Vermeldingane hadde vore litt skiftande angåande denne dagen, men veret vart betre enn meldt. Totalt var det 18 personar frå 5 av bygdene i Vanylven som var på toppen av Høgenipa. Praten går lett på slike fellesturar, og den sosiale biten er ein viktig del av turen. Det var også god spreiing i alder med den yngste på 8 år, og den eldste på 77 år. Takk til Vanylven idrettsråd og Frivilligsentralen for initativ til å få i gang igjen desse fellesturane i fjellet.
Foto: John Willy Klungre







Siste fra Syvde IL
Familiebading på torsdagar
18.01.2026
Premieutdeling fjelltrimmen 2025
18.01.2026
Oppstart av barneidrett i Syvde IL
02.11.2025
Årsmøte i Syvde IL
02.03.2025
Premieutdeling fjelltrimmen 2024
17.11.2024